Vasskraft

Kraftutbygging

Kraftutbygging har vore viktig for Bykle i meir enn hundre år. Dei store fjellvatna skaffar elektrisk straum og samfunnet får pengar tilbake.

Den første søknaden om å demme opp kom i 1908. Den første dammen i 1912/13 var Breivassdammen. Denne delen av kraftutbygginga heldt fram til i 1920-åra med mellom anna Vatnedalsvatnet og Bossvatn.

Etter krigen fekk Oteraaens brugseierforening konsesjon på ny dam i Vatnedalen, seinare i Ormsa og Urevatn. På 50-talet vart også Skyvatn og Båstogvatn regulert.  

Siger mot storsamfunnet

Tidleg på 60-talet var kampen om Bykildammen ei viktig sak i Bykle. Planane var å lage ein demning tvers over dalføret om lag der den eine tunellen går i dag. Landskapsbilde i Bykle kyrkjebygd hadde blitt svært øydelagt med eit tort reguleringsmagasin midt i bygda. Mange lokale krefter arbeidde saman for å hindre dette, og det lykkast i 1969 å stoppe desse planane. Dette var ein stor siger mot storsamfunnet for ei lita bygd som Bykle.

I staden byrja ein i 1976 på Bossvassdammen i Nordbygdi som var eit anna alternativ.  Om lag 16 gardsbruk vart sett under vatn og 50 - 60 menneske måtte flytte. Denne dammen vart ferdig i 1976.

Vatnedalsdammen vart bygd ut i fleire trinn, frå 1978 til 1984. Reguleringshøgda her er på heile 140 meter.  Sarvsjuvet er den siste store dammen i Bykle; og den vart ferdig i 2014.

Kraft til folket

Årleg syter reguleringar, overføringar og vassfall i Bykle kommune for ein kraftproduksjon på om lag 4,5 TWH eller om lag 4% av Noregs samla vasskraftproduksjon. Dette gjev Bykle kommune konsesjonskraftrettar på 333 GWH pr. år. 

Bykle kommune har eit lite forbruk i høve til den store mengda kraft som vert produsert, difor får også Aust-Agder fylkeskommune store inntekter frå sal av "Bykle-kraft". Etter avtale med fylkeskommunen sit Bykle kommune att med vinsten av 91 GWH.  I 2015 utgjer denne vinsten om lag 15. mill kroner.

Den blå fremtida

Kraftutbygginga i Noreg spring ut frå vasskrafta. Her finn vi hovuddelen av den elektriske energiproduksjonen, men den har ein ikkje liten miljøpåvirknad og har møtt på motstand for bevaring av natur. Det har me ikkje minst fått røynd her i Bykle. Noreg hadde tidligare eit kraftoverskot, dette er nå i ferd med å forsvinna grunna auka forbruk og mindre utbyggingar, noko som kan leda til eit framtidig kraftunderskot og avhengighet av import. Debatten om ny kraftutbygging er aktuell, og involverer bekymringar for naturvern, miljø og behovet for å auke den norske kraftproduksjonen, spesielt med omsyn til klimamål og industriutvikling.