Bygd av rein kraft.
Bykle er ikkje ein kvifor ein som helst bygd. Bykle er bygd av noko heilt spesielt. Sidan 5000 år f.Kr. har det vore folk i Bykle, og kvar og ein av dei som har budd her, jobba her eller berre varda forbi her - alle har dei vore med å forma Bykle til det bygda er i dag.
Nyhende
Bykledagen laurdag 5.september 2026!
Den årlege Bykledagen arrangerast igjen fyrste laurdag i september. Dagen starter med damslepp på Sarvsdammen, og Otra Kraft står for matservering frå kl 10-12. Gratis for alle.
Brannstasjonen i Bykle har open brannstasjon på Sarvsnetten frå kl 10-14. Her kan borna vere med i brannbil, sløkke med brannslange, og Bjørnis kjem!
Dagen fortsetter i Lislestog, frå kl. 12-15. Der er det utstilling, aktiviteter, matsalg og kulturelle innslag i tunet. Det blir forteljarstund i Bykle gamle kyrkje, baking i Mannspannstoga, smiing i Neslandsmia, graving etter gullskatt for borna, 80-års utstilling v/Bykle Husflidslag med meir.
Dagen avsluttast med konsert med bandet Rakkel i Bykle kyrkje kl 15. Fri entre.
Arrangør:
Bykle Næringslag i samarbeid med | Bykle kommune | Otra Kraft | Setesdal brannvesen | Bykle Hotell | Bykle Vindu | Bykle husflidslag | Setesdalsmuseet |Bykle og Valle Kunstlag |Bykle Sokneråd