Identitet

Identitetssymbolet vårt

• Identitetssymbolet vårt fortel mykje om vår historie

• Inspirasjonen er henta frå Bykle gamle kyrkje, som i 2020 hadde sitt 400-årsjubileum, og er eit av dei sterkaste kulturminna me har i heile Setesdal

• Det er eit særeige element som er henta frå utsmykkinga på galleriet i kyrkja

• Andre ser kanskje ein blom eller ein kraftrotor når dei ser symbolet

Visjonen vår er ”Bykle - Bygd av rein kraft”.

• Bykle er ei bygd, men samstundes er Bykle er bygd opp av menneske som har gjeve av si fysiske kraft og tankekraft.

• Bygda vår er og kommunen vi er en del av er bygd opp av vasskraft.

• Samstundes som vasskraftutbygginga har satt store spor – reint fysisk, men også i hovudene til folka i bygda vår – så er vasskraft noko me kan skape ny næring gjennom.

• Visjonen tek også opp i seg berekraft, som er viktig i vår tid, me kan vere stolte av at vi produserer så mykje rein energi og elektrisitet: det er ein sentral del av vår kulturarv

• Visjonen kommuniserer også det reine – reine linjer, rein bygd, rein kraft, rein natur.

“Rein natur”